Kreta er awsome

Sted: Pilot Beach Resort, Georiopolis, Kreta

Denne plassen er virkelig fantastisk.
Når me kom fram til hotellet, etter ein halvtime i taxi, blei me møtt av ein pikkolo, som passa på bagasjen vår mens me gjekk inn og sjekka inn. Når me kom ut igjen hadde han lagt koffertene i ein bil, og kjørte oss alle dei 200 metrene(!) til leiligheten vår. Her bærte han alt opp i leiligheten, og viste oss rundt. Han gjekk igjen, og kom tilbake med ei rødvinflaske. “complimentary from the hotel”. Heilt greit. Resten av dagen gjekk med til å gå rundt på området for å gjere oss kjent med omgivelsene, ettermiddagsmat på restauranten, og avslapping på balkongen i leiligheten.

20120422-223722.jpg

I dag våkna me rundt 09, og gjekk bort å spiste frukost på hotellets frokostbalkong. Eg har aldri sett større utvalg av mat, og alt sammen smakte fantastisk godt. Fersk frukt, god juice, frokostblanding, varm mat, alt sammen var veldig bra. Her var første anledning til å studere andre turister også. Det ser ut til at me er de eineste fra skandinavia her. Resten er ein salig blanding av tyskere og franskmenn. Det er også relativt høg gjennomsnittsalder. Lite familier, mest par.
Etter frukost gjekk me tilbake til hotellet, pakka med oss litt ting, og la oss ned ved bassenget i sola. Her låg me å steika i et par timer, før me bestemte oss for å reise til nærmeste by; Rethymnon.
Hotellet ringte etter taxi, og den kom før 5 minutter var godt. Taxisjåføren var rundt 50, og ungkar. Han høyrte på Dire Straits på bånn guff på anlegget, og var veldig hyggelig og imøtekommende. Me satte oss inn i bilen, og fortalte kor me ville, han svinga ut på veien igjen, og satte kurs mot byen. Underveis snakka me om Hellas, turisme og økonomi, og heile tida imponerte han meir og meir med musikkvalg. Jimi Hendrix, Phil Collins, Dire Straits… Det gjekk mest i 60-70 tallsmusikk. Me kom fram, og me fikk kortet hand, så me kunne ringe han direkte. Og siden dette var ein av dei koseligaste taxiturene noken av oss hadde hatt, og han snakka bra engelsk, bestemte me oss for at han kunne være vår private sjåfør her nede.
Me gjekk rundt i Rethymnon og såg, og satte oss ned på ein hyggelig restaurant og åt ein tradisjonel gresk lunch med fleire småretter; ost, brød, reker, flesk, aubergine og meir. Etter maten gjekk me strandpromenaden rundt fortet i byen, før me ringte taxisjåføren og fekk han til å hente oss igjen. På vei tilbake fekk me vite at han hadde budd 16 år i USA, så det var derfor han snakka så bra engelsk. Han hadde aldri gifta seg, men han hadde et bra liv likevel. Han kjørte innom landsbyen han vokste opp i og viste oss denne, før han kjørte videre til hotellet vårt.
Når me kom heim, slappa me litt av, spelte biljard, og slappa meir av, før me åt ein bedre kalkunmiddag på hotellets restaurant med utsikt til bassengområdet.
No ligger me begge strak ut på kvar si seng og slapper av.

Her er litt bilder frå dagen:

20120422-225842.jpg

20120422-225859.jpg

20120422-225909.jpg

20120422-225916.jpg

20120422-225927.jpg

20120422-225936.jpg

Leave a Reply