Monterosso al mare, Italia

Eg har hatt ei fantastisk helg, kort fortalt.
Fredags morning reiste eg og Svein Andre til Nice med fly fra Gardermoen. Turen gikk kjempegreit og overraskande fort (det kan ha noe med iPaden å gjere). Når me kom fram til Nice henta me bagasje og fant Avis, kor me skulle leiga bil for helga. Køen for å hente leigebil var lang, så det tok oss rundt ein time med venting før me var på veien.
Vel ute på autostrada’en var det berre å gassa på for å holde samme fart som resten av trafikken; 130 km/t. Når man kjører med 120-130 som gjennomsnittsfart så går turen fra Nice i Frankrike til Monterosso al mare i Italia ganske greit, og er unnagjort på litt over 3 timer med et par stopp. Kjøreturen er også en flott opplevelse i seg sjøl, med havutsikt, varmt vær og god musikk på anlegget i bilen.

Me kom fram til vingården som var leigd for anledningen etter solnedgang, så me fekk ikkje sett så masse av utsikten den dagen, og i tillegg hadde me dårlig tid før felles middag så me hoppa i nye kle og gjekk ned til restauranten. Me fekk fleire rettar, men höjdaren var kalvesteik til hovedrett. Vinen til maten var også fantastisk god. Måltidet blei avslutta med lokal grappa, som er sprit brygga på drueavfall frå vinproduksjon. Kan ikkje anbefalast. Jodå. Neidå. Etter middagen gjekk me opp til vingården igjen og fortsatte festen der. Veien opp var bratt og trang, så lårene fekk seg masse trening på denne turen.

IMG_0005.JPG01583741c6f08af51e99e74a04587adb308290a16fDagen etterpå var me klare for bryllup, men vielsen var ikkje før klokka 16, så me hadde relativt god tid på formiddagen. Gutta samla seg og dro med oss brudgommen på rundtur i byen. Høgdempunktet var kald øl på et lokalt hotell, som har servering heilt ytterst på ei klippa ved sjøen. Der hadde me 180 graders utsikt til havet, og me senka skuldrane heilt ned. Det vart sjølvsagt tatt litt sjølvfies og vanlige foto på denne lokasjonen.

 

 

Det var óg relativt greit at dette hotellet låg litt utanfor allfarvei, så me slapp å bli forstyrra avIMG_0014.JPG andre turistar mens me sat der. Me hadde heile platået og betjeningen for oss sjøl. Den vesle timen me sat der med øl var rett og slett medisin for sjela, og brudgommen sa sjøl at ølen og utsikten gjorde underverker for nervøsiteten. På bildet til høgre ser du stien man måtte gå for å komme til hotellet. Dette er også begynnelsen på stien som går til nabobyen. Og ja; varetransport og andre biler kjører på denne veien opp til hotellet. Det er plass, så lenge man legger inn speglene og turistene lener seg mot fjellveggen og holder inne magen…

 

Så var det plutselig tid for skjortestryking og skopuss, akkompagnert av ei kald øl, naturligvis. Bryllupsplanleggeren kom innom med fotografen og fortalte om gangen i ting. Fotografen tok nokon bilder av forberedelsene før ho forsvant bort til jentene. Etter stryking og puss gjekk eg til mitt for å dusje og kle meg i dress. Så var det opp til brudgommen for meir fotografering og siste innspurt før me gjekk ned i byen for sjølve vielsen. Her festa me corsagene våre, eg fekk ringane (og sa eg skulle vokta dei med livet, siden brudgommen veit kor vimsen eg kan vera..), og me drakk litt meir øl, sjølvsagt.

På vei ned til byen gjekk eg og brudgomen fremst, og folk stoppa opp, stirra, tok bilder, peika, klappa, plystra, you name it. Me fekk ikkje litt oppmerksomhet; me fekk _all_ oppmerksomhet. Bryllupet var den store begivenheten i den vesle byen denne helga. I etterkant påpeika brudgomens far at me kanskje fekk så masse oppmerksomhet siden me hadde samme farge på dressane. Kanskje folk trudde det var brudgom og brudgom som gjekk for å gifta seg..

Framme ved torget i byen fekk me sisteIMG_0004.JPG instruksjonene før bruden kom. Alle andre gjekk inn i lokalet, mens eg og brudgomen stod åleina ute og venta på brudefølget. Me kunne føle og ta på spenningen. Lokalbefolkning og turistar stod og venta. Kikka etter bruden. Kikka på oss. Stod klar med fotoapparatene. Det var lange minutter. Men så høyrte me klapping og roping i det fjerne. Bruden var på vei. Brudgommen skalv i spenning. Når brudefølget med bruden i spiss, arm i arm med sin far, runda hjørnet og kom til syne sa brudgommen “åååå helsike”. Og Hilde, om du leser dette; Eg forstod godt at han blei nervøs no, for du var ei latterlig nydelig brud.
Brudeparet blei forena framfor trappa, folk knipsa bilder og klappa, og me gjekk inn for sjølve vielsen. Den blei forøvrig framført på italiensk, men med engelsk tolk. Ringane blei knytt på ei silkepute som sønnen til brudeparet bar inn dei siste metrene.
Etter vielsen var gjekk alle ut på trappa igjen for meir bildetaking, før me gjekk ein rundtur rundt i byen og viste oss fram. Turen blei avslutta på ei lokal uteservering kor me fekk champagne og litt oliven og chips. Etter skåling og litt mingling gjekk brudeparet med fotografen, og me andre fekk “pause” i 30 minutter. Eg og Svein benytta denne tida til å hydrere oss litt på vatn og gå litt ute på piren, for å slappe av, før avreise til nabobyen, kor restauranten me skulle ete middag låg.
Resten av følget og brudeparet med fotograf kom, og me gjekk ombord i ein båt som skulle frakta oss sjøveien til nabobyen. Monterosso al mare er del av “Cinque Terre”, som er fem små byar ved sjøen. Byane ligg kanskje gjennomsnittleg 2km i luftlinje frå kvarandre, men pga det kupperte terrenget tar det lang tid å både gå og kjøre mellom dei. Det går tog, men den beste opplevelsen er nok å sjå alle byane frå sjøen. Og det gjorde me før middag. Kapteinen kjørte oss ein rundtur så me fekk sett Cinque Terre og jobba oss opp ein appetitt.

IMG_0012.JPGBåten ankra opp utenfor Vernazza, som er nabobyen til Monterosso, og me gjekk ombord i fleire små båter som kunne frakta oss inn til havna i byen. Derfra gjekk me den korte turen opp til restauranten som var leid for formålet (Det var basically berre ei trapp opp frå havna så var me på restauranten). Bordene våre stod på ein balkong over sjøen, så me hadde 180 graders havutsikt til solnedgangen. Det er den desidert flottaste plassen eg nokon gong har ete middag. Her satt me og fekk servert utallige smårettar i form av antipasti. Det var ei fantastisk samling av smakar, og det var heile tida ein overhengande fare for å eta seg mett før hovedretten kom. Ingen hadde oversikt over kor mange forrettar det var, så mange smakte såvidt på nokon rettar, og hoppa over fleire. Men ikkje eg. Ikkje ein rett skulle vera usmakt, og var det godt gjekk det ned på høgkant. Som sjølvsagt resulterte i at eg var redd for å trille utfor balkongen etter kvart som eg vart rundare og rundare i kantane. Hovedretten kom, og eg orka berre halve. Eg måtte jo ha plass til dessert og kake også, kan skjønna.

Etter middag var nærmast støvsugd inn matholet, og kaka var seremonisk delt av brudeparet, kom me i kontakt med andre nordmenn som hadde fått med seg at det var et norsk bryllup på restauranten. Dei var her sjette år på rad, og hadde funne sitt paradis. Det forstår eg godt. Me samla oss igjen, og gjekk sammen til toget som frakta oss tilbake til Monterosso. Lokalbefolkningen også i Vernazza klappa når me gjekk gjennom gatene til togstasjonen. På dette tidspunktet hadde me jobba inn “nod of approval” såpass at det gjekk automagisk når folk retta oppmerksomheten mot oss.
Togturen gjekk greit, og var unnagjort på 4-5 minutter. Me var i den nye bydelen til Monterosso, så me måtte gå tilbake til gamlebyen, noko som innebar å gå langs strandpromenaden og gjennom ein tunnell i fjellet. Me gjekk samla heile veien opp til vingården igjen, og dei fleste av oss delte nokon flasker vin ute på langbordet før me tok kveld. Ein verdig avslutning på ein fantastisk innholdsrik dag. Me var godt slitne alle mann trur eg.

Dagen etter, på søndagen, 01a173cac3a347eee6de669a9e79990eab326326b301d980d124dbfa7a248a1822e165f76752ade07bc1skulle me få rundtur på vingården. Den starta ikkje før kl 12, så me hadde god tid til å sova ut og ete litt frukt på stranda. Det var ein interessant tur rundt mellom druebusker, kiwibusker, sitrontrær, oliventrær, fikentrær og bikuber. Me lærte om vindyrking generelt, hvorfor druer dyrka i Monterosso var spesielle, historien til Monterosso og gården, og me gjekk heilt til topps og såg utover vingården, byen og havet. Det var relativt ok+ å plukke fiken rett frå treet og smake den søte smaken. Han som fulgte oss rundt var faren i familien som eide gården.

 

0111ac7fffc8eff54a30d16c54dcf43b4efa9b4ade

Me gjekk tilbake til husene på gården og satte oss ned på langbordet kor me fekk servert småretter og vin. Vin produsert på gården. Eg var heilt sikkert litt forheksa av opplevelsen, inntrykkene og utsikten og alt, men der og da så var både den kvite og den raude vinen dei beste vinene eg har smakt. Og dei passa veldig godt til maten me fekk; frityrstekte grønnsaker, bruschetta og lasagne. Dei var veldig flinke å fortelle om vinen og hvorfor den smaka som den gjorde, og om historien til druene. Nokon druesorter høyrte heime der i området, mens andre var importert.

På Ettermiddagen reiste me til stranda og bada i havet. Det var varmere enn eg forventa, og gjorde veldig godt. Eg hadde lengta etter å bade siden eg såg havet. Det var heilt klart og blått. Veldig salt, så det svei i augene om eg hadde dei åpne under vatnet. Men det var veldig deilig å kjøle seg ned og berre sitte på stranda og nyte utsikten etterpå. Svein Andre hadde med seg vanntett GoPro-kamera, så me tok noken bilder både under og over vatn med det. Eg har ikkje sett dei enda, så eg er spent på korleis resultatet blei.

Etter bading gjekk me heim til vingården igjen og dusja 015df52bbf3e25b8944ea9b06d9feac83902f6ad4e
og kledde oss opp til felles middag. Svein og eg var tidlig klare, så me gjekk til nye byen ein tur, og eg kjøpte meg gelato med sitron og jordbær. Eg hadde ikkje smakt gelato før då. Herr-e-gud så godt det var. Det smakte ikkje syntetisk som is i norge gjerne gjer. Det smakte faktisk sitron og jordbær. Me gjekk langs strandpromenaden mens eg supte i meg denne isen. Me hadde reservert bord på ei lokal pizzasjappe som me hadde ete lunsj på før, så me gjekk bort der og møtte resten av folkene. Brudeparet skulle ete middag åleine denne kvelden, så dei var ikkje med oss. Men me hadde det fint likevel. Pizzaen var god og selskapet var godt. Ølen smakte også heilt fortreffelig, Me gjekk sammen heim til vingården igjen, og dei som skulle reise tidlig morningen etter handla det dei trengte til turen, som vatn og litt snacks, på veien. Vel oppe på gården takka alle for seg og prata laust og fast om alle opplevelsene. Me skildes før klokka 22, siden me skulle stå opp kl 05:30 for å kjøra til Nice.

Klokka 05:30 ringte alarmen på mobiltelefonen, og me stod opp, dusja og gjorde oss klare. Me møtte resten av dei som skulle reise samtidig, og satte oss i bilene. Me var 3 bilar som skulle kjøre samen til Nice for å ta samme fly til Oslo. Turen tilbake gjekk endå raskare enn turen ned, pga mindre trafikk (og ein anelse høgare gjennomsnittshastighet..) Me mista kvarandre underveis også, men likevel parkerte me på flyplassen med kanskje 2min mellomrom alle sammen.
Flyturen gjekk også som forventa, og eg tillot meg ein GT og ei øl for å slappe av. Me hadde tross alt vært på reisefot i snart 12 timar siden me stod opp. På Gardermoen måtte me ta buss inn til terminalen, og det var sjukt lang kø på Taxfree så den skippa eg fint. Henta bagasje, takka brudeparet for turen, tok flytoget til Oslo S, buss heim til leiligheten, og laga meg langtidsstekt biff med heimelaga potetmos til kvelds. Det var heilt innafor.
Alt i alt så har dette vært ei utrulig innholdsrik helg, og eg er veldig glad for at eg fekk vera med. Eg ska definitivt tilbake til Monterosso al mare, og Italia generelt.

Leave a Reply