Nedstøva blogg

Så eg kom på at eg hadde ein blogg.. Eg satt og åt havregarut og rosiner til frukost, og tenkte naturligvis på kor rosiner kom frå, fant det ut (bl.a. Spania og California), og tenkte at for 5 år sida hadde eg sikker blogga om det. Så kom eg på at bloggen fortsatt var online, på sjette året no. Og den produserer fortsatt trafikk… Ikkje veit eg ka folk finne interessant her. Men uansett så vurdere eg å legga om heile bloggen. Kanskje skriva litt meir målretta om spesifikke temaer. Ska tenka litt på det.

Kort oppdatering om meg, så går det stort sett i leilighetsjakt no for tida. Boligmarkedet i Oslo er heilt tullete. Ska på et par visninger litt seinere i dag er planen. -sammen med sikkert 900 andre.. Målet er å ta over ny leilighet 1.september.

No skal eg straks ta ein kjapp joggetur. Eg prøve å lika cardio, men det er ikkje lett.

Laters

Leave a Reply